19 Mi frukt er betre enn det finaste gull,den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sølv.
20 Eg går på rettferds veg,held meg på dei rette stigar.
21 Eg gjev rikdom i eige til dei som elskar meg,og fyller skattkammera deira.
22 Herren bar meg fram som sitt første verk,før hans gjerningar i fjerne tider.
23 Frå eldgammal tid vart eg forma,i opphavet, før jorda vart til.
24 Eg vart fødd då djupa ikkje fanstog dei vassrike kjeldene ikkje var til.
25 Før fjella vart sette på plass,før høgdene vart eg fødd.