2 Visdomen stiller seg på toppen av høgdene,ved vegen, der stigane møtest.
3 Ved portane inn til byen,der folk går inn, ropar ho høgt:
4 Eg ropar til dykk, de menn,mi røyst når ut til menneska.
5 Lær dykk klokskap, de urøynde,få forstand i hjartet, de dårar!
6 Høyr, eg talar om det som er edelt,frå leppene mine kjem ærlege ord.
7 Tunga mi talar sanning,og leppene avskyr urett.
8 Kvart ord frå min munn talar om rettferd,dei er ikkje svikefulle og falske.