1 Visdomen har bygd seg husog hogge til sine sju søyler.
2 Ho har slakta fe og blanda vin,og ho har dekt på bordet.
3 Ho har sendt tenestejentene ut,ho ropar oppe frå høgdene i byen:
4 «Du som er urøynd, vend deg hit!»Til den vitlause seier ho:
5 «Kom og et av maten minog drikk av vinen eg har blanda.
6 Lat vitløysa fara, så skal de leva,gå fram på den vegen forstanden viser!»