10 Å frykta Herren er opphav til visdom,å ha den kunnskap dei heilage har, er forstand.
11 Ved meg skal dine dagar bli mange,og du får fleire leveår.
12 Er du vis, blir din visdom til nytte for deg,spottar du, må du lida for det sjølv.
13 Dårskapen er ei rastlaus kvinne,vitlaus er ho og forstår ikkje noko.
14 Ho sit utfor husdøra si,har sitt sete høgt oppe i byen.
15 Ho ropar til alle som går forbi,dei som går beint fram på vegen:
16 «Du som er urøynd, vend deg hit!»Til den vitlause seier ho: