8 Gå ikkje i rette med spottaren, då hatar han deg,gå i rette med den vise, så elskar han deg.
9 Gjev til den vise, så blir han visare,lær den rettferdige, så aukar han sin lærdom.
10 Å frykta Herren er opphav til visdom,å ha den kunnskap dei heilage har, er forstand.
11 Ved meg skal dine dagar bli mange,og du får fleire leveår.
12 Er du vis, blir din visdom til nytte for deg,spottar du, må du lida for det sjølv.
13 Dårskapen er ei rastlaus kvinne,vitlaus er ho og forstår ikkje noko.
14 Ho sit utfor husdøra si,har sitt sete høgt oppe i byen.