9 Innvolen og føtene skal vaskast i vatn, og så skal presten brenna alt saman på altaret. Det er eit brennoffer, eit eldoffer til godange for Herren.
10 Tek han offeret av småfeet, av sauene eller geitene, skal det vera ein lytelaus ver eller bukk.
11 Den skal han slakta på nordsida av altaret, for Herrens åsyn, og Arons-sønene, prestane, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
12 Så skal han dela offerdyret opp i stykke, og presten skal ta stykka saman med hovudet og feittet og leggja dei til rettes oppå veden som er lagd på altarelden.
13 Innvolen og føtene skal vaskast i vatn, og så skal presten bera fram alt saman og brenna det på altaret. Det er eit brennoffer, eit eldoffer til godange for Herren.
14 Er det ein fugl han vil ta til brennoffer åt Herren, skal det vera ei turteldue eller ein dueunge.
15 Presten skal bera fuglen fram til altaret, vri hovudet av han og brenna det på altaret. Blodet skal pressast ut mot altarveggen.