3. Mosebok 27 N78NN

Innløysing av heilage gåver

1 Herren tala til Moses og sa:

2 Sei til israelittane: Når nokon gjev ein høgtideleg lovnad om å via eit menneske til Herren, skal løysingssummen fastsetjast såleis:

3 Ein mann som er mellom tjue og seksti år, skal verdsetjast til femti sekel sølv etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.

4 Ei kvinne skal verdsetjast til tretti sekel.

5 Eit menneske som er mellom fem og tjue år, skal verdsetjast til tjue sekel dersom det er ein gut, og til ti dersom det er ei jente.

6 Er det eit barn mellom ein månad og fem år, skal verdien på ein gut vera fem sekel sølv og på ei jente tre sekel sølv.

7 Dei som er seksti år eller meir, skal verdsetjast til femten sekel dersom det er menn, og til ti sekel dersom det er kvinner.

8 Er nokon så fattig at han ikkje kan betala desse pengane, skal dei koma til presten med han, og presten skal setja verdien etter det han har råd til, han som gav lovnaden.

9 Gjeld lovnaden slike dyr som kan ofrast til Herren, skal alt det ein gjev av dei, vera heilagt.

10 Ein må ikkje byta det eller gje eit anna dyr i staden, korkje eit godt for eit ringt eller eit ringt for eit godt. Byter ein likevel eit dyr i eit anna, skal dei begge reknast for heilage.

11 Gjeld lovnaden eit ureint dyr, eit av dei som ikkje kan ofrast til Herren, skal det leiast fram for presten.

12 Og presten skal verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal det ha.

13 Vil eigaren løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien.

14 Når nokon vier huset sitt til Herren, skal presten verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal stå ved lag.

15 Vil den som har vigt huset sitt, løysa det inn, skal han betala ein femtedel meir enn det er verdsett til. Då vert det hans.

16 Når nokon vier eit stykke av odelsjorda si til Herren, rettar verdien seg etter mengda av såkorn: til ein homer bygg svarar femti sekel sølv.

17 Vier han jorda heilt frå frigjevingsåret, skal den fastsette verdien gjelda fullt ut.

18 Men er det etter frigjevingsåret han vier jorda, skal presten rekna ut verdien etter dei åra som er att til komande frigjevingsår, og prisen skal setjast tilsvarande ned.

19 Vil den som har vigt eit stykke jord, løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Då er det hans for godt.

20 Men løyser han ikkje jordstykket, eller sel han det til ein annan, kan det ikkje løysast meir.

21 Når det vert fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigt til Herren, liksom bannlyst jord. Presten skal få det i eige.

22 Når nokon kjøper eit jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til, og vier det til Herren,

23 skal presten rekna ut verdien etter den tida som er att til komande frigjevingsår, og mannen skal betala pengane same dagen. Dei skal vera vigde til Herren.

24 I frigjevingsåret fell jorda tilbake til seljaren, han som har odelsretten.

25 All verdsetjing skal vera i den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera.

26 Det som er fyrstefødt i buskapen, må ingen via. Fordi det er fyrstefødt, høyrer det Herren til. Anten det er storfe eller småfe, høyrer det Herren til.

27 Er det ureine dyr, skal ein løysa dei inn etter verdien og leggja til ein femtedel. Vert dei ikkje innløyste, skal dei seljast for verdien.

28 Når ein mann vier noko av alt det han eig, til Herren som bannlyst gods, anten det er folk eller fe eller odelsjord, då må det ikkje seljast og ikkje løysast. Alt bannlyst er høgheilagt og høyrer Herren til.

29 Eit menneske som er bannlyst, kan ikkje løysast. Det skal drepast.

30 All tiend i landet, både av grøda på marka og av frukta på trea, høyrer Herren til. Ho er vigd til Herren.

31 Vil ein mann løysa inn noko av tienda, skal han leggja til ein femtedel.

32 All tiend av storfe og småfe, av alt som går under gjætarstav, kvart tiande dyr, skal vera vigt til Herren.

33 Ein skal ikkje sjå etter om det er godt eller ringt, og ikkje byta det. Vert det bytt i eit anna, skal begge dyra vera heilage, og dei kan ikkje løysast.

34 Dette er dei bod som Herren gav Moses på Sinai-fjellet og baud han kunngjera for israelittane.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27