3. Mosebok 2 N78NN

Grødeofferet

1 Når nokon vil bera fram eit grødeoffer for Herren, skal offergåva hans vera kveitemjøl. Han skal hella olje på mjølet, leggja røykjelse oppå

2 og koma med det til Arons-sønene, prestane. Presten skal ta ein neve av mjølet og oljen, og så all røykjelsen, og brenna det på altaret som eit påminningsoffer. Det er eit eldoffer til godange for Herren.

3 Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha; det er ein høgheilag del av Herrens eldoffer.

4 Når du vil bera fram eit grødeoffer av noko som er steikt i omn, skal det vera av kveitemjøl, anten usyrte kaker med olje i eller usyrte brødleivar, smurde med olje.

5 Er offeret ditt eit grødeoffer som er steikt på helle, skal det òg vera av kveitemjøl som er blanda med olje, og usyrt.

6 Du skal bryta det i bitar og hella olje over det. Det er eit grødeoffer.

7 Er offeret ditt eit grødeoffer som er kokt i gryte, skal det lagast av kveitemjøl og olje.

8 Når grødeofferet er tillaga på ein av desse måtane, skal du bera det fram for Herren. Du skal koma til presten med det, og han skal bera det fram til altaret.

9 Av grødeofferet skal presten ta påminningsofferet og brenna det på altaret. Det er eit eldoffer til godange for Herren.

10 Og det som då er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha. Det er ein høgheilag del av Herrens eldoffer.

11 Eit grødeoffer som de vil bera fram for Herren, må ikkje lagast til med noko som er syrt. For korkje surdeig eller honning må de brenna som eldoffer for Herren.

12 Når de tek offergåva av den fyrste grøda, kan de bera dette fram for Herren; men på altaret må det ikkje koma, til godange for han.

13 Alle grødeoffer skal du salta. Aldri må du la det vanta salt i grødeofferet ditt, for saltet høyrer med til pakta med din Gud. Difor skal du bera fram salt attåt alle offera dine.

14 Vil du bera fram for Herren ei offergåve av den fyrste grøda, skal du ta knust korn av nymogne aks, steikja det i elden og ofra det til Herren. Det skal vera offergåva di av den fyrste grøda.

15 Du skal hella olje over offeret og leggja røykjelse på det. Det er eit grødeoffer.

16 Presten skal brenna noko av det knuste kornet og av oljen, og så all røykjelsen, til påminningsoffer. Dette er eit eldoffer for Herren.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27