3. Mosebok 26 N78NN

Velsigning og forbanning

1 De skal ikkje laga dykk avgudar, ikkje reisa gudebilete eller steinstøtter og ikkje setja biletsteinar i landet dykkar og tilbe dei. For eg er Herren dykkar Gud.

2 Sabbatane mine skal de halda, og heilagdomen min skal de ha age for. Eg er Herren.

3 Dersom de lever etter føresegnene mine og gjev akt på boda mine og held dei,

4 vil eg senda dykk regn i rett tid. Jorda skal gje grøde og trea på marka frukt.

5 Treskjetida skal vara heilt til vinhausten, og vinhausten skal vara til kornet vert sått. De skal eta dykk mette av eige brød og bu trygt i landet dykkar.

6 Eg vil gje fred i landet. De skal få liggja i ro, og ingen skal skræma dykk. Udyra vil eg rydja ut or landet, og sverd skal ikkje herja i landet dykkar.

7 De skal forfylgja fiendane, og dei skal falla for sverdet dykkar.

8 Fem av dykk skal jaga hundre, og hundre skal jaga ti tusen. Fiendane skal falla for sverdet dykkar.

9 Eg vil venda meg til dykk og la dykk veksa og aukast; eg vil halda mi pakt med dykk.

10 De skal eta fjorgamalt korn heilt til de må rydja det bort så de får plass til det nye.

11 Eg vil reisa min bustad mellom dykk og ikkje ha motvilje mot dykk.

12 Midt imellom dykk vil eg ferdast. Eg vil vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk.

13 Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt, så de ikkje skulle træla der lenger. Eg braut sund stengene i åket dykkar, så de kunne gå rake.

14 Men vil de ikkje høyra på meg og halda alle desse boda,

15 vanvørder de føresegnene mine og viser motvilje mot lovene mine, så de ikkje held alle boda mine, men bryt mi pakt,

16 då gjer eg like eins mot dykk: Eg straffar dykk med redsler, med tæring og feber, så augo sloknar og livskrafta kverv. Til inga nytte skal de så; for fiendar et det de avlar.

17 Eg vender meg mot dykk, og de skal liggja under for fiendane. Dei som hatar dykk, skal rå over dykk, og de skal røma om ingen er etter dykk.

18 Og vil de endå ikkje høyra på meg, skal eg tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

19 Eg bryt dykkar stolte makt. Himmelen over dykk gjer eg tett som jern og jorda under dykk hard som bronse.

20 Til inga nytte skal de slita dykk ut; for landet gjev ikkje grøde, og trea på marka ber ikkje frukt.

21 Og set de dykk endå opp mot meg og ikkje vil høyra på meg, slår eg dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

22 Eg sender villdyr mot dykk. Dei skal røva borna dykkar, drepa feet og gjera dykk få i talet, så vegane i landet vert aude.

23 Og lèt de dykk endå ikkje tukta, men set dykk opp mot meg,

24 vil eg òg setja meg opp mot dykk og slå dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

25 Eg sender mot dykk eit sverd som hemner paktbrotet. Og rømer de til byane, sender eg pest inn imellom dykk, og de skal falla i fiendehand.

26 Når eg bryt sund brødstaven for dykk, skal ti kvinner steikja brød i ein og same omnen. Dei skal gje dykk brødet att etter vekt, og de skal ikkje få eta dykk mette.

27 Dersom de endå ikkje høyrer på meg, men set dykk opp mot meg,

28 vil eg verta vreid og setja meg opp mot dykk og tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

29 Då vert de nøydde til å eta kjøtet av sønene og døtrene dykkar.

30 Eg øyder offerhaugane dykkar, gjer ende på røykjelsesaltara og kastar lika av dykk opp på dei stygge, livlause avgudane dykkar; for de byd meg imot.

31 Eg gjer byane dykkar til ei øydemark og legg heilagdomane i røys og bryr meg ikkje om angen som stig opp frå offera dykkar.

32 Eg gjer landet så audt at fiendane som bur der, vert fælne.

33 Men dykk vil eg spreia mellom folkeslaga, og med sverd i hand vil eg forfylgja dykk. Landet dykkar skal verta ei øydemark og byane ein grushaug.

34 Då skal landet ta att sabbatsåra sine, heile den tida det ligg i øyde, medan de er i fiendelandet. Ja, då skal landet kvila og ta att sabbatsåra sine.

35 Så lenge det ligg audt, skal det kvila. Då skal det få den kvila det ikkje fekk i sabbatsåra, medan de budde der.

36 Og dei av dykk som er att, vil eg gjera så redde der ute i fiendelandet at lyden av fykande lauv skal jaga dei. Dei skal røma som ein rømer for sverdet, og falla om ingen er etter dei.

37 I redsle for sverdet skal dei snåva og falla, den eine over den andre, endå ingen forfylgjer dei. De skal ikkje stå dykk mot fienden,

38 men gå til grunne mellom folkeslaga; fiendelandet skal gjera ende på dykk.

39 Og dei av dykk som enno er att, skal tærast bort i fiendelandet, fordi dei har synda. Ja, dei skal òg tærast bort fordi fedrane deira synda.

40 Då skal dei sanna misgjerningane sine og misgjerningane åt fedrane, at dei var trulause og sette seg opp mot meg.

41 Difor vil eg òg setja meg opp mot dei og føra dei til fiendeland. Då skal det uomskorne hjarta deira bøya seg, og dei skal få bøta for misgjerningane sine.

42 Så vil eg koma i hug mi pakt med Jakob og Isak og Abraham, og landet vil eg òg koma i hug.

43 Men dei må fyrst fara bort frå landet, så det kan ta att sabbatsåra sine medan det ligg audt etter dei. Og dei må bøta for si skuld, fordi dei vanvørde lovene mine og viste motvilje mot føresegnene mine.

44 Men jamvel då, når dei er i fiendelandet, vil eg ikkje støyta dei bort og visa motvilje mot dei. Eg vil ikkje gjera ende på dei og ikkje bryta mi pakt med dei. For eg er Herren deira Gud.

45 Til beste for dei vil eg koma i hug pakta med fedrane, som eg førte ut or Egypt midt for augo på folkeslaga, fordi eg ville vera deira Gud. Eg er Herren.

46 Dette er dei føresegner, bod og lover som Herren sette mellom seg og israelittane på Sinai-fjellet og lét Moses kunngjera for dei.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27