3. Mosebok 9 N78NN

Fyrste offeret åt Aron

1 Den åttande dagen kalla Moses til seg Aron og sønene hans og dei eldste i Israel,

2 og han sa til Aron: «Ta ein oksekalv til syndoffer og ein ver til brennoffer, begge utan lyte, og lei dei fram for Herrens åsyn!

3 Og sei til israelittane: Ta ein bukk til syndoffer, ein kalv og eit lam, som begge er årsgamle og lytelause, til brennoffer,

4 og ein okse og ein ver som skal vera måltidsoffer og ofrast for Herrens åsyn, og så eit grødeoffer med olje i! For i dag vil Herren syna seg for dykk.»

5 Dei henta det som Moses hadde sagt, og sette det framfor møteteltet. Og heile Israels-lyden steig fram og stod for Herrens åsyn.

6 Då sa Moses: «Dette er det Herren har sagt at de skal gjera; så skal Herrens herlegdom syna seg for dykk.»

7 Og til Aron sa han: «Gå fram til altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt, og gjer soning for deg sjølv og for folket! Ber så fram offeret frå folket og gjer soning for dei, som Herren har sagt!»

8 Så gjekk Aron fram til altaret og slakta kalven som skulle vera syndoffer for han sjølv.

9 Sønene hans gav han blodet, og han duppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorna. Det som var att av blodet, helte han ut nedmed altarfoten.

10 Feittet, nyrene og leverlappen av syndofferdyret brende han på altaret, så som Herren hadde sagt Moses føre.

11 Men kjøtet og skinnet brende han opp utanfor leiren.

12 Så slakta han brennofferdyret. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.

13 Dei rette sjølve brennofferet til han, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret.

14 Innvolen og føtene vaska han og brende dei på altaret saman med brennofferet.

15 Så bar han fram offeret frå folket. Han tok bukken som skulle vera syndoffer for folket, slakta han og ofra han som syndoffer, liksom det fyrste offerdyret.

16 Sameleis førte han fram brennofferet og ofra det, som det var føreskrive.

17 Grødeofferet bar han òg fram. Av det tok han ein neve og brende på altaret, forutan morgonbrennofferet.

18 Og han slakta oksen og veren som skulle vera måltidsoffer for folket. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.

19 Feittet på oksen og veren, både feitthalen, netja, begge nyrene med talga som var på dei, og leverlappen,

20 alt dette la dei på bryststykka. Og Aron brende feittet på altaret.

21 Men bryststykka og det høgre låret svinga han for Herrens åsyn, så som Moses hadde sagt.

22 Aron lyfte hendene over folket og velsigna dei. Og så gjekk han ned, etter at han hadde bore fram syndofferet, brennofferet og måltidsofferet.

23 Sidan gjekk Moses og Aron inn i møteteltet, og då dei kom ut att, velsigna dei folket. Då synte Herrens herlegdom seg for heile folket,

24 og det fór ut eld frå Herren og brende opp det som var på altaret, både brennofferet og feittet. Då folket såg det, ropa dei alle høgt av glede og kasta seg til jorda.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27