3. Mosebok 5 N78NN

1 Når nokon høyrer einkvan lysa ei forbanning, og han kan vitna, fordi han har sett eller fått vita noko, men likevel ikkje seier frå, då syndar han og fører skuld over seg.

2 Eller når einkvan utan å vita det kjem borti noko ureint, anten det er den daude kroppen av eit ureint villdyr eller av eit ureint husdyr eller av eit ureint kryp, så vert han sjølv urein og fører skuld over seg.

3 Eller når einkvan utan å vita det kjem borti noko ureint hjå menneske, og det er ein ureinskap som kan overførast, og han sidan vert klar over det, då har han ført skuld over seg.

4 Eller når einkvan utan å sansa det sver tankelaust at han vil gjera eit eller anna, vondt eller godt, kva det så kan vera eit menneske sver på i tankeløyse, og han sidan vert klar over det, då har han ført skuld over seg på den eine eller den andre måten.

5 Den som såleis har ført skuld over seg, skal sanna den synda han har gjort,

6 og koma til Herren med eit skuldoffer for synda si. Det skal vera eit hodyr av småfeet, ein sau eller ei geit. Og presten skal gjera soning for han for synda hans.

7 Men har han ikkje råd til ein sau, skal han til skuldoffer for synda si bera fram for Herren to turtelduer eller to dueungar, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer.

8 Han skal koma til presten med dei, og presten skal fyrst bera fram den dua som er til syndoffer. Han skal vri om hovudet på henne tett oppmed nakken, men ikkje riva det av.

9 Så skal han skvetta noko av syndofferblodet på altarveggen, og det som er att av blodet, skal pressast ut nedmed altarfoten. Det er eit syndoffer.

10 Av den andre dua skal han laga til eit brennoffer, som føreskrive er. Såleis skal presten gjera soning for han for den synda han har gjort, så han får tilgjeving.

11 Men har han ikkje råd til to turtelduer eller to dueungar, skal han for den synda han har gjort, ofra ein tiandedels efa kveitemjøl; det er syndofferet hans. Han skal ikkje ha olje på det og ikkje leggja røykjelse oppå. For det er eit syndoffer.

12 Han skal koma til presten med det, og presten skal ta ein neve av mjølet til påminningsoffer og brenna det på altaret saman med Herrens eldoffer. Det er eit syndoffer.

13 Såleis skal presten gjera soning for han for den eine eller den andre synda han har gjort, så han får tilgjeving. Det som er att, skal høyra presten til på same måten som med grødeofferet.

Skuldofferet

14 Herren tala til Moses og sa:

15 Når nokon av vanvare tileignar seg eitkvart som er vigt til Herren, og såleis gjer seg skuldig i svik, skal han koma til Herren med ein lytelaus ver av feet, verdsett i sølvsekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Det er skuldofferet hans.

16 Det han med urett har tileigna seg av det heilage, skal han gje vederlag for og leggja til ein femtepart av verdien. Han skal gje det til presten, og presten skal gjera soning for han med skuldofferveren, så han får tilgjeving.

17 Når nokon utan å vita det syndar mot eit av Herrens bod og gjer eitkvart som han ikkje har lov til, og såleis fører skuld over seg og ber på misgjerning,

18 då skal han koma til presten med eit skuldoffer, ein lytelaus ver av feet, verdsett som eit fullgodt offer. Og presten skal gjera soning for han for den synda han har gjort av vanvare, utan å vita om det, så han får tilgjeving.

19 Det er eit skuldoffer. Han har synda mot Herren og ført skuld over seg.

20 Herren tala til Moses og sa:

21 Når nokon syndar og ber seg trulaust åt mot Herren, med di han lyg for landsmannen sin om eitkvart han har fått overlate eller tiltrutt, eller om eitkvart han har røva eller teke frå landsmannen sin med vald,

22 eller han har funne noko som ein annan har mist, og så nektar for det, eller han sver falskt om ei eller anna synd som eit menneske kan gjera,

23 då skal den som har synda og ført skuld over seg, gje att det han har røva eller teke med vald, fått i forvaring eller funne etter at det var bortkome.

24 Såleis skal det vera når nokon nektar og sver falskt òg. Han skal gje det att med full verdi og leggja til ein femtepart. Same dagen som skulda hans vert kjend, skal han gje det til eigaren.

25 Han skal koma til Herren med eit skuldoffer, ein lytelaus ver av feet, verdsett som eit fullgodt offer, og gje han til presten.

26 Og presten skal gjera soning for han for Herrens åsyn, så han får tilgjeving for alt det han har ført skuld over seg med.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27