1 Arons-sønene Nadab og Abihu tok kvar si glopanne, hadde glør i dei, la røykjelse på glørne og bar uvigsla eld fram for Herren, i strid med det han hadde gjeve dei påbod om.
2 Då fór det ut eld frå Herren og tynte dei, og dei døydde for Herrens åsyn.
3 Og Moses sa til Aron: «Dette var det Herren tala om då han sa: På dei som står meg nær, vil eg visa meg heilag, framfor heile folket vil eg visa meg mektig.» Aron tagde.
4 Men Moses ropa på Misjael og Elsafan, sønene til Ussiel, som var farbror åt Aron, og sa til dei: «Kom hit og ber frendane dykkar bort frå heilagdomen og ut or leiren!»
5 Dei kom og gjorde som Moses hadde sagt, og bar dei ut or leiren med kjortlane på.
6 Då sa Moses til Aron og til Elasar og Itamar, sønene hans: «De skal ikkje la håret hanga fritt og ikkje riva sund kleda. For då kjem de til å døy, og Herren vert vreid på heile Israels-lyden. Men brørne dykkar, heile Israels-ætta, skal gråta over den elden som Herren har sendt.
7 De skal ikkje gå bort frå møteteltdøra, for då må de døy, for Herrens salvingsolje er på dykk.» Dei gjorde som Moses sa.