10 så de kan skilja mellom heilagt og vanheilagt, mellom ureint og reint,
11 og læra israelittane alle dei lovene som Herren har late Moses kunngjera for dei.»
12 Moses sa til Aron og til Elasar og Itamar, dei av sønene hans som endå var i live: «Ta det grødeofferet som er att av Herrens eldoffer, og et det usyrt frammed altaret! For det er høgheilagt.
13 De skal eta det på ein heilag stad. Det er den delen av Herrens eldoffer som du og sønene dine har rett til. Det har eg fått påbod om.
14 Brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift, skal de òg eta på ein vigsla stad, du og sønene og døtrene dine. For det er den delen av måltidsoffera åt israelittane som er fastsett for deg og borna dine.
15 Låret som vert gjeve i avgift og brystet som vert svinga, skal de bera fram saman med feittet av eldofferet og svinga det for Herrens åsyn. Det høyrer deg og borna dine til. Den retten skal de ha til evig tid, så som Herren har sagt.»
16 Då Moses spurde etter syndofferbukken, viste det seg at han var oppbrend. Då vart han harm på Elasar og Itamar, dei som var att av sønene til Aron, og sa: