13 De skal eta det på ein heilag stad. Det er den delen av Herrens eldoffer som du og sønene dine har rett til. Det har eg fått påbod om.
14 Brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift, skal de òg eta på ein vigsla stad, du og sønene og døtrene dine. For det er den delen av måltidsoffera åt israelittane som er fastsett for deg og borna dine.
15 Låret som vert gjeve i avgift og brystet som vert svinga, skal de bera fram saman med feittet av eldofferet og svinga det for Herrens åsyn. Det høyrer deg og borna dine til. Den retten skal de ha til evig tid, så som Herren har sagt.»
16 Då Moses spurde etter syndofferbukken, viste det seg at han var oppbrend. Då vart han harm på Elasar og Itamar, dei som var att av sønene til Aron, og sa:
17 «Kvifor har de ikkje ete syndofferet på ein heilag stad? Det er då eit høgheilagt offer. Herren har gjeve dykk det for at de skal ta bort skulda åt Israels-lyden og gjera soning for dei for Herrens åsyn.
18 Blodet vart ikkje bore inn i heilagdomen. Difor skulle de ha ete offerkjøtet på ein heilag stad, som eg har sagt.»
19 Då sa Aron til Moses: «I dag har dei bore fram syndofferet og brennofferet sitt for Herrens åsyn, og likevel har slikt kome over meg. Om eg hadde ete syndoffer i dag, ville det ha vore etter Herrens vilje?»