42 Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er ein styggedom.
43 Få ikkje på dykk styggedomen frå desse krypa på marka! Akta dykk for ureinskapen frå dei, så de ikkje sjølve vert ureine!
44 For eg er Herren dykkar Gud. De skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag. De skal ikkje gjera dykk ureine med noko av det krypet som rører seg på marka.
45 For eg er Herren som førte dykk opp frå Egypt og vil vera dykkar Gud. De skal vera heilage, for eg er heilag.
46 Dette er lova om dyra og fuglane og alt liv som leikar i vatnet, og om alle dyr som det kryr av på marka,
47 så de kan skilja mellom ureint og reint, mellom dyr som kan etast, og dyr som ikkje kan etast.