28 Noko av oljen som presten har i handa, skal han stryka på den som lèt seg reinsa, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans, over den staden der blodet av skuldofferet er.
29 Resten av oljen som presten har i handa, skal han smørja på hovudet åt den som lèt seg reinsa. Såleis skal han gjera soning for han for Herrens åsyn.
30 Så skal han bera fram den eine av turtelduene eller dueungane, det han har råd til,
31 som syndoffer og den andre som brennoffer, og saman med dei grødeofferet. Såleis skal presten gjera soning for den som lèt seg reinsa, for Herrens åsyn.
32 Dette er den lova de skal fylgja når den som har lita råd, har fått hudsjukdom og skal reinsast.
33 Herren tala til Moses og Aron og sa:
34 Når de kjem inn i Kanaan, som eg gjev dykk til eigedom, og eg lèt det koma sopp på eit hus i landet dykkar,