10 Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens åsyn, så dei kan gjera soning med han, og så skal han sendast ut i øydemarka til Asasel.
11 Når Aron leier fram sin eigen syndofferokse og gjer soning for seg og huslyden sin, skal han slakta oksen.
12 Så skal han fylla glopanna med glør frå altaret, som står for Herrens åsyn, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget.
13 Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens åsyn, så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden, som er over lovtavlene; elles må han døy.
14 Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren på framsida av soningsstaden, og framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren.
15 Så skal han slakta den bukken som er etla til syndoffer for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Med det skal han gjera som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden.
16 Såleis skal han gjera soning for heilagdomen og reinsa han for ureinskapen som israelittane har ført over han med alle sine brot og synder. Det same skal han gjera med møteteltet, som er reist hjå dei midt i ureinskapen deira.