5 vil eg venda meg mot han og ætta hans. Eg vil rydja han ut or folket, både han og alle dei som fylgjer i fotefaret hans og dyrkar Molok.
6 Når nokon vender seg til gjengangarar og spådomsånder og i truløyse held seg til dei, vil eg venda meg mot han og rydja han ut or folket.
7 De skal helga dykk og vera heilage. For eg er Herren dykkar Gud.
8 Gjev akt på føresegnene mine og lev etter dei! Eg er Herren, som helgar dykk.
9 Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy. Han har forbanna foreldra sine, og det kviler blodskuld på han.
10 Når ein mann driv hor med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både mannen og kvinna som har brote ekteskapet.
11 Den som ligg med kona til far sin, vanærar far sin. Dei skal begge døy; det kviler blodskuld på dei.