12 Han må ikkje gå ut or heilagdomen og ikkje vanhelga sin Guds heilagdom. For han har den vigsla som han fekk med sin Guds salvingsolje. Eg er Herren.
13 Den kvinna han gifter seg med, må vera møy;
14 han må korkje ta ei enkje, ei kvinne som er fråskild eller vanæra, eller ei skjøkje. Berre ei møy av sitt eige folk skal han ta til kone,
15 så han ikkje skal vanhelga etterkomarane i ætta. For eg er Herren, som helgar han.
16 Herren tala til Moses og sa:
17 Sei til Aron: Ingen av etterkomarane dine som har eit lyte, skal no eller sidan koma og bera fram mat åt sin Gud.
18 Ingen som har eit lyte, skal stiga fram: ingen som er blind eller halt, ingen som har eit lyte i andletet eller ein vanskapt lem,