2 utan at det er ein av dei næraste slektningane hans, anten mor, far, son, dotter eller bror.
3 Med ei ung syster som ikkje er gift og difor står han nær, kan han òg gjera seg urein.
4 Han må ikkje gjera seg urein i sitt ektestand, så han misser vigsla si mellom landsmennene sine.
5 Prestane skal ikkje klyppa seg snaue på hovudet, dei skal ikkje raka skjegget i kantane og ikkje skjera seg opp på kroppen.
6 Dei skal vera heilage for sin Gud og ikkje vanhelga namnet hans, for dei ber fram Herrens eldoffer, mat åt sin Gud. Difor skal dei vera heilage.
7 Ingen av dei må gifta seg med ei skjøkje eller ei kvinne som er vanæra, og heller ikkje med ei kvinne som mannen har skilt seg frå; for presten er vigd til sin Gud.
8 Og du skal halda han heilag; han ber fram mat åt din Gud. Han skal vera heilag for deg; for eg er heilag, eg, Herren, som helgar dykk.