20 ingen som er krylryggja eller dverg, ingen som har ein kvit flekk på auga eller skabb eller noko anna utslett, og ingen som er skadd i pungen.
21 Ingen etterkomar av presten Aron, som har eit lyte, skal koma og bera fram Herrens eldoffer. Fordi han har eit lyte, skal han ikkje koma og bera fram mat åt sin Gud.
22 Han kan få eta maten åt sin Gud, både av dei høgheilage og av dei heilage gåvene.
23 Men han må ikkje koma inn til forhenget og ikkje gå fram for altaret, sidan han har eit lyte; han må ikkje vanhelga heilagdomane mine. For eg er Herren, som helgar dei.
24 Dette sa Moses til Aron og sønene hans og til alle israelittane.