9 Når ei prestedotter vanhelgar seg med skjøkjelivnad, vanhelgar ho far sin. Ho skal brennast.
10 Den som er øvsteprest mellom brørne sine og har fått salvingsoljen på hovudet sitt, er innsett i embetet og kledd i dei heilage kleda, han skal ikkje la håret hanga fritt og ikkje riva sund kleda.
11 Han må ikkje gå inn til nokon som er død; ikkje eingong ved far sin eller mor si må han gjera seg urein.
12 Han må ikkje gå ut or heilagdomen og ikkje vanhelga sin Guds heilagdom. For han har den vigsla som han fekk med sin Guds salvingsolje. Eg er Herren.
13 Den kvinna han gifter seg med, må vera møy;
14 han må korkje ta ei enkje, ei kvinne som er fråskild eller vanæra, eller ei skjøkje. Berre ei møy av sitt eige folk skal han ta til kone,
15 så han ikkje skal vanhelga etterkomarane i ætta. For eg er Herren, som helgar han.