1 Herren tala til Moses og sa:
2 Sei til Aron og sønene hans at dei skal vera varsame med dei heilage gåvene som israelittane vier til meg, så dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn. Eg er Herren.
3 Du skal seia til dei: Dersom nokon av etterkomarane dykkar, no eller i framtida, kjem nær dei heilage gåvene som israelittane vier til Herren, medan han er urein, skal han rydjast ut frå mitt åsyn. Eg er Herren.
4 Ingen av Arons etterkomarar som har hudsjukdom eller utflod, skal eta av dei heilage gåvene før han har vorte rein. Det skal heller ikkje den som kjem nær nokon som har vorte urein av lik, eller den det går sæd frå,
5 eller den som kjem nær noko krypdyr som ein vert urein av, eller noko menneske som ein på eit eller anna vis vert urein av.
6 Den som kjem nær noko slikt, er urein heilt til kvelds, og han skal ikkje eta av dei heilage gåvene før han har lauga seg.
7 Når sola glader, er han rein. Sidan kan han eta av dei heilage gåvene, for det er maten hans.