26 Herren tala til Moses og sa:
27 Den tiande dagen i same månaden skal vera soningsdag. Då skal de halda ei heilag samling, fasta og bera fram eldoffer for Herren.
28 Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, for det er soningsdag. Då skal det gjerast soning for dykk framfor Herren dykkar Guds åsyn.
29 Alle som ikkje fastar den dagen, skal rydjast ut or folket sitt.
30 Og kvar den som gjer noko arbeid den dagen, vil eg tyna midt imellom folket hans.
31 De skal ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar, kvar de så bur.
32 De skal ha full kviledag, og de skal fasta. Frå niande dags kvelden i den månaden til kvelden etter skal de halda sabbatskvild.