6 Og du skal leggja dei i to rader, seks i kvar rad, på gullbordet for Herrens åsyn.
7 På kvar rad skal du leggja rein røykjelse. Det skal vera eit påminningsoffer for brøda, eit eldoffer for Herren.
8 Kvar sabbatsdag skal brødet leggjast fram for Herrens åsyn som ei gåve frå israelittane. Det er ei evig pakt.
9 Brøda høyrer Aron og sønene hans til, og dei skal eta dei på ein heilag stad. Dei er høgheilage og er hans del av Herrens eldoffer. Det er ein evig rett.
10 Ein mann som hadde ei israelittisk kvinne til mor og ein egyptar til far, gjekk ein gong ut mellom israelittane. I leiren kom han i trette med ein israelitt,
11 og son til den israelittiske kvinna spotta Herrens namn og forbanna det. Då førte dei han til Moses. Mor hans heitte Sjelomit og var dotter til Dibris av Dans-ætta.
12 Dei sette han fast til saka kunne avgjerast med eit ord frå Herren.