16 Di fleire år det er att, di større kjøpesum, og di færre år, di mindre kjøpesum. For det er berre eit visst tal avlingar han sel deg.
17 De skal ikkje gjera urett mot kvarandre; men du skal ha age for din Gud. For eg er Herren dykkar Gud.
18 Fylg føresegnene mine og gjev akt på lovene mine, så de lever etter dei! Då skal de bu trygt i landet.
19 Landet skal gje si grøde, så de kan eta dykk mette og bu trygt.
20 Og dersom de spør: «Kva skal vi eta det sjuande året, når vi ikkje sår og ikkje samlar inn grøde?» –
21 då skal de vita at eg vil senda mi velsigning over dykk det sjette året, så landet gjev grøde for tre år.
22 Når de sår det åttande året, skal de enno eta av den gamle grøda. Heilt til grøda kjem det niande året, skal de ha gamalt korn å eta.