2 Sei til israelittane: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, skal landet ha ei sabbatskvild for Herren.
3 Seks år skal du så til åkeren din, og seks år skal du skjera vintrea dine og samla inn grøda i landet.
4 Men i det sjuande året skal det vera full kvile for landet, ein sabbat for Herren. Då skal du korkje så åkeren din eller stella vintrea dine.
5 Du skal ikkje skjera korn som har sått seg sjølv etter at du har hausta, og du skal ikkje plukka druer på eit ustelt vintre. Det skal vera sabbatsår for landet.
6 Det som veks i landet det året, skal vera til føde for dykk, for deg og tenaren din og tenestkvinna di og leigekaren og dei framande som held til hjå deg.
7 Buskapen din og dei ville dyra som er i landet, skal òg eta av grøda der.
8 Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra vert førtini år.