26 Finst det nokon som ikkje har ein løysingsmann, men sjølv får så god råd at han kan greia løysingssummen,
27 skal han rekna frå dei åra som har gått sidan han selde, og gje kjøparen betaling for den tida som er att. Då får han odelsjorda si tilbake.
28 Men får han ikkje råd til å betala, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Då vert ho fri og går attende til den gamle eigaren.
29 Når nokon sel eit stovehus i ein by som det er murar ikring, gjeld løysingsretten berre for ei tid; det fyrste året etter salet har han rett til å løysa inn huset.
30 Men vert det ikkje innløyst før eit heilt år er til ende, skal huset, så sant det ligg i ein by med murar ikring, høyra kjøparen og etterkomarane hans til for godt. Det vert ikkje fritt i frigjevingsåret.
31 Men husa i småbyar som det ikkje er murar ikring, skal reknast likt med jordene på landet. Dei kan løysast inn, og i frigjevingsåret vert dei frie.
32 Gjeld det hus i dei byane som høyrer levittane til, varer løysingsretten for alle tider.