4 Men i det sjuande året skal det vera full kvile for landet, ein sabbat for Herren. Då skal du korkje så åkeren din eller stella vintrea dine.
5 Du skal ikkje skjera korn som har sått seg sjølv etter at du har hausta, og du skal ikkje plukka druer på eit ustelt vintre. Det skal vera sabbatsår for landet.
6 Det som veks i landet det året, skal vera til føde for dykk, for deg og tenaren din og tenestkvinna di og leigekaren og dei framande som held til hjå deg.
7 Buskapen din og dei ville dyra som er i landet, skal òg eta av grøda der.
8 Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra vert førtini år.
9 Og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet.
10 De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt.