40 Han skal ha det som ein leigekar eller framand hjå deg og vera tenaren din til frigjevingsåret.
41 Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, og fara heim att til ætt og fedregard.
42 For dei er mine tenarar, som eg har ført ut or Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel trælar.
43 Du må ikkje vera hard med han; du skal ha age for din Gud.
44 Vil du få deg trælar eller trælkvinner, skal de kjøpa dei av dei folka som bur rundt ikring dykk.
45 Like eins kan de kjøpa trælar av dei framande som held til hjå dykk, og av etterkomarane deira som bur hjå dykk og er fødde i landet dykkar. Dei kan de eiga,
46 og de kan la dei gå i arv til borna dykkar, så dei kan eiga dei. De kan bruka dei til trælar så lenge de vil. Men over brørne dine, israelittane, skal du ikkje gjera deg til herre. Bror skal ikkje vera hard med bror.