46 og de kan la dei gå i arv til borna dykkar, så dei kan eiga dei. De kan bruka dei til trælar så lenge de vil. Men over brørne dine, israelittane, skal du ikkje gjera deg til herre. Bror skal ikkje vera hard med bror.
47 Når ein innflyttar eller framand hjå deg kjem til velstand, medan bror din som bur nær han, vert så fattig at han må selja seg til innflyttaren eller den framande som held til hjå deg, eller til ein som er runnen av framand rot,
48 då skal han kunna løysast ut etter at han har selt seg. Ein av brørne hans må då løysa han ut,
49 eller farbroren eller eit syskenbarn eller ein annan av dei næraste slektningane i ætta. Får han råd, kan han gjera det sjølv.
50 Då skal han saman med den som har kjøpt han, rekna ut tida frå det året han selde seg og til frigjevingsåret, og kjøpesummen skal delast på åretalet. Det skal vera som han hadde vore leigekar hjå han.
51 Er det enno mange år att, skal han betala tilbake ein tilsvarande del av summen og såleis kjøpa seg fri.
52 Og er det få år att til frigjevingsåret, skal han rekna etter og betala ein løysingssum som svarar til desse åra.