1 Herren tala til Moses og sa:
2 Sei til israelittane: Når nokon syndar av vanvare mot eit av Herrens bod og gjer noko han ikkje har lov til, gjeld desse føresegnene:
3 Er det den salva presten som syndar og fører skuld over folket, skal han ofra ein ung, lytelaus okse som syndoffer til Herren for den synda han har gjort.
4 Han skal leia oksen fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra, leggja handa på hovudet åt oksen og slakta han for Herrens åsyn.
5 Presten som er salva, skal ta noko av okseblodet og bera det inn i møteteltet.