12 heile oksen, skal han føra ut or leiren til ein rein stad, der dei tømer den feite offeroska, og brenna han opp med ved. På den staden der dei tømer offeroska, skal han brennast.
13 Har heile Israels-lyden synda av vanvare, har heile folket utan å vita om det gjort noko som ikkje er tillate etter eit av Herrens bod, og ført skuld over seg,
14 skal folket ofra ein ung okse til syndoffer når synda vert kjend. Dei skal leia han fram til møteteltet,
15 dei eldste av lyden skal leggja hendene på hovudet åt oksen for Herrens åsyn, og så skal oksen slaktast der.
16 Presten som er salva, skal bera noko av okseblodet inn i møteteltet.
17 Han skal duppa fingeren i blodet og skvetta det sju gonger for Herrens åsyn, framfor forhenget.
18 Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens åsyn i møteteltet. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret, som står framfor møteteltdøra.