6 Han skal duppa fingeren i blodet og skvetta litt av det sju gonger for Herrens åsyn, framfor forhenget i heilagdomen.
7 Noko av blodet skal han stryka på horna på altaret med den velluktande røykjelsen, det som står for Herrens åsyn i møteteltet. Det som er att av okseblodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret, som står framfor møteteltdøra.
8 Alt feittet skal han ta ut or syndofferoksen, både netja og alt feittet som er på innvolen,
9 begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal skjera ut saman med nyrene.
10 Alt dette skal presten ta ut, like eins som på oksen til måltidsofferet, og så skal han brenna det på brennofferaltaret.
11 Men skinnet av oksen og alt kjøtet, med hovud og føter, innvol og mageinnhald,
12 heile oksen, skal han føra ut or leiren til ein rein stad, der dei tømer den feite offeroska, og brenna han opp med ved. På den staden der dei tømer offeroska, skal han brennast.