8 Alt feittet skal han ta ut or syndofferoksen, både netja og alt feittet som er på innvolen,
9 begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal skjera ut saman med nyrene.
10 Alt dette skal presten ta ut, like eins som på oksen til måltidsofferet, og så skal han brenna det på brennofferaltaret.
11 Men skinnet av oksen og alt kjøtet, med hovud og føter, innvol og mageinnhald,
12 heile oksen, skal han føra ut or leiren til ein rein stad, der dei tømer den feite offeroska, og brenna han opp med ved. På den staden der dei tømer offeroska, skal han brennast.
13 Har heile Israels-lyden synda av vanvare, har heile folket utan å vita om det gjort noko som ikkje er tillate etter eit av Herrens bod, og ført skuld over seg,
14 skal folket ofra ein ung okse til syndoffer når synda vert kjend. Dei skal leia han fram til møteteltet,