19 Presten som ber fram syndofferet, skal eta det. På ein heilag stad skal det etast, i føregarden til møteteltet.
20 Kvar den som rører offerkjøtet, vert heilag. Kjem det noko av blodet på eit klesplagg, skal du vaska det på ein heilag stad.
21 Vert kjøtet kokt i ei leirgryte, skal gryta knusast. Er det kokt i ein koparkjel, skal han skurast og skyljast med vatn.
22 Alle menn som er prestar, kan eta av dette offeret. Høgheilagt er det.
23 Men dei syndoffer som det vert bore blod av inn i møteteltet, så det vert gjort soning i heilagdomen, må ikkje etast. Dei skal brennast.