8 Presten skal ta ein neve av kveitemjølet og oljen i grødeofferet og all røykjelsen som er lagd på grødeofferet, og brenna det på altaret. Det er eit påminningsoffer til godange for Herren.
9 Det som er att av offeret, skal Aron og sønene hans eta. Det skal etast usyrt på ein heilag stad. I føregarden til møteteltet skal dei eta det.
10 Med surdeig må det ikkje bakast. Det er den delen eg har gjeve dei av eldoffera mine. Høgheilagt er det liksom syndofferet og skuldofferet.
11 Alle menn som er ætta frå Aron, kan eta det. Gjennom alle tider og ætter skal det vera dykkar del av Herrens eldoffer. Kvar den som rører ved det, vert heilag.
12 Herren tala til Moses og sa:
13 Dette er det offeret som Aron og sønene hans skal bera fram for Herren den dagen ein av dei vert salva: ein tiandedels efa kveitemjøl. Det er det daglege grødeofferet som dei ber fram, halvparten om morgonen og halvparten om kvelden.
14 Med olje skal det lagast til på ei helle, og godt knatt skal det vera når dei kjem med det. Du skal dela det opp i småstykke og ofra det som grødeoffer, til godange for Herren.