18 Dersom nokon et av måltidsofferkjøtet tredje dagen, vil Gud ikkje ta imot han og offeret hans, og det gagnar ikkje han som bar det fram. Det er ein styggedom, og den som et av det, fører skuld over seg.
19 Offerkjøt som kjem nær noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast. Elles kan alle som er reine, eta av kjøtet.
20 Men den som et kjøt av Herrens måltidsoffer medan han er urein, han skal rydjast ut or folket sitt.
21 Når ein mann kjem nær noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske, eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og avstyggjeleg, og han så et kjøt av Herrens måltidsoffer, då skal den mannen rydjast ut or folket sitt.
22 Herren tala til Moses og sa:
23 Sei til israelittane: De skal ikkje eta feitt, anten det er av okse, sau eller geit.
24 Feittet av sjølvdaude og ihelrivne dyr kan nyttast på ulik måte; men eta det må de ikkje.