31 Presten skal brenna feittet på altaret. Men bryststykket skal Aron og sønene hans ha.
32 Det høgre låret skal de gje presten i avgift av måltidsoffera dykkar.
33 Den av Arons-sønene som ber fram blodet og feittet av måltidsofferet, skal ha det høgre låret; det er hans del.
34 For brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift, tek eg imot av israelittane, når dei kjem med måltidsoffera sine, og gjev dei til Aron, presten, og sønene hans. Den retten skal dei ha hjå israelittane til evig tid.
35 Dette er den delen Aron og sønene hans skal ha av Herrens eldoffer den dagen dei vert førte fram og skal gjera presteteneste for Herren.
36 Det var det Herren sa at israelittane skulle gje dei den dagen dei vert salva, og det skulle dei ha rett til i alle tider og ætter.
37 Dette er lova om brennofferet, grødeofferet, syndofferet, skuldofferet, vigslingsofferet og måltidsofferet,