8 Når ein prest ofrar brennoffer for nokon, skal denne presten ha skinnet av offerdyret han har bore fram.
9 Alle grødeoffer som vert bakte i omn, kokte i gryte eller steikte på helle, skal han ha, den presten som ber dei fram.
10 Men alle andre grødeoffer, anten dei er blanda med olje eller turre, skal høyra Arons-sønene til, den eine som den andre.
11 Dette er lova om måltidsofferet, som vert ofra til Herren:
12 Ber nokon det fram som takkoffer, skal han saman med slaktofferet bera fram usyrte kaker med olje i, usyrte brødleivar, smurde med olje, og kveitemjøl som er blanda med olje og knatt til kaker.
13 Det er dei offergåvene han skal bera fram saman med takkofferet og måltidsofferet sitt, og attåt det skal han ha med seg syrte kaker.
14 Av offergåvene skal han gje ei av kvart slag i avgift til Herren. Det skal presten ha, han som skvetter blodet av måltidsofferet på altaret.