11 Sju gonger skvette han olje på altaret og salva både det og alt som høyrde det til, og vaskekaret med fotstykke. Såleis helga han dei.
12 Noko av salvingsoljen helte han over hovudet på Aron og salva og helga han.
13 Sidan kalla han til seg Arons-sønene, kledde dei i kjortlar, spente belte om dei og batt huer på dei, såleis som Herren hadde sagt Moses føre.
14 Så leidde han fram syndofferoksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt oksen.
15 Moses slakta han, tok blodet og strauk det rundt ikring på altarhorna med fingeren og reinsa altaret for synd. Det som var att av blodet, helte han ut nedmed altarfoten. Såleis gjorde han soning for altaret og helga det.
16 Så tok han alt feittet på innvolen og leverlappen og begge nyrene med talga som var på dei, og brende det på altaret.
17 Men sjølve oksen, både skinnet og kjøtet og mageinnhaldet, brende han opp utanfor leiren, såleis som Herren hadde sagt han føre.