14 Så leidde han fram syndofferoksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt oksen.
15 Moses slakta han, tok blodet og strauk det rundt ikring på altarhorna med fingeren og reinsa altaret for synd. Det som var att av blodet, helte han ut nedmed altarfoten. Såleis gjorde han soning for altaret og helga det.
16 Så tok han alt feittet på innvolen og leverlappen og begge nyrene med talga som var på dei, og brende det på altaret.
17 Men sjølve oksen, både skinnet og kjøtet og mageinnhaldet, brende han opp utanfor leiren, såleis som Herren hadde sagt han føre.
18 Så leidde han fram brennofferveren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt veren.
19 Moses slakta han og skvette blodet rundt ikring på altaret.
20 Sjølve veren lema han sund og brende både hovudet og kjøtet og feittet.