24 Så kalla han til seg sønene hans Aron og strauk noko av blodet på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa deira. Det som var att av blodet, skvette han rundt ikring på altaret.
25 Han tok feittet, både feitthalen, alt feittet på innvolen, begge nyrene med talga som var på dei, og så det høgre låret.
26 Og or korga med usyrt brød som stod for Herrens åsyn, tok han ei usyrt kake, ei oljekake og ein brødleiv og la det på feittet og låret.
27 Alt dette la han i hendene på Aron og sønene hans og lét dei svinga det for Herrens åsyn.
28 Moses tok det ut or hendene deira og brende det på altaret saman med brennofferet. Det var eit vigslingsoffer til godange for Herren. Eit eldoffer for Herren var det.
29 Så tok Moses bryststykket og svinga det for Herrens åsyn. Det var den delen Moses fekk av vigslingsveren, så som Herren hadde sagt han føre.
30 Og Moses tok av salvingsoljen og av blodet som stod på altaret, og skvette på Aron og kleda hans og like eins på sønene hans og kleda deira. Såleis helga han Aron og kleda hans og like eins sønene og kleda deira.