1 Ord av Forkynnaren, son til David, konge i Jerusalem.
2 Berre fåfengd, ¬seier Forkynnaren,berre ideleg fåfengd!
3 Kva vinning har mennesket ¬av alt sitt strev,som det møder seg med ¬under sola?
4 Ætter går, og ætter kjem,men jorda står alltid ved lag.
5 Sola renn, og sola glader,så skundar ho seg attendetil staden der ho går opp.
6 Vinden blæs mot sør,så snur han mot nord;støtt snur og skifter hanog tek atter til ¬på same rundgang.
7 Alle elvar renn ut i havet,men havet vert ikkje fullt;dit elvane før har runne,held dei fram med å renna.