Forkynnaren 1 N78NN

Alt er fåfengd

1 Ord av Forkynnaren, son til David, konge i Jerusalem.

2 Berre fåfengd, ¬seier Forkynnaren,berre ideleg fåfengd!

3 Kva vinning har mennesket ¬av alt sitt strev,som det møder seg med ¬under sola?

4 Ætter går, og ætter kjem,men jorda står alltid ved lag.

5 Sola renn, og sola glader,så skundar ho seg attendetil staden der ho går opp.

6 Vinden blæs mot sør,så snur han mot nord;støtt snur og skifter hanog tek atter til ¬på same rundgang.

7 Alle elvar renn ut i havet,men havet vert ikkje fullt;dit elvane før har runne,held dei fram med å renna.

8 Mannen trøytnar av å talaog får ikkje sagt det han vil.Auga vert ikkje mett av å sjå,og øyra får aldri nok ¬av å høyra.

9 Det som var, skal alltid vera,og det som hende, ¬skal atter henda.Det finst ingenting nytt ¬under sola.

10 Vert det sagt om eitkvart: ¬«Sjå, dette er nytt»,har det likevel funnest før,alt ifrå eldgamal tid.

11 Ingen tenkjer på ætter ¬som var;og ætter som ein gong kjem,vil heller ikkje leva i minnethjå dei som sidan fylgjer.

Forkynnaren vil granska livet

12 Eg, Forkynnaren, var kongeover Israel, i Jerusalem.

13 Eg sette meg føre å granskaog ransaka med visdomalt det som hender ¬under himmelen.Det er eit plagsamt strevGud har gjeve menneska.

14 Eg såg på alt det som hender,og det som vert gjort ¬under sola.Sjå, alt er fåfengd ¬og jag etter vind.

15 Det som er kroket, ¬kan ikkje beinkast,og det som vantar, ¬kan ikkje teljast.

16 Eg tenkte med meg:Sjå, eg har fått større ¬og rikare visdomenn alle dei som har styrti Jerusalem før meg.Mykje har eg røynt ¬av visdom og kunnskap.

17 Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjenna,å få kjennskap ¬til vitløyse og dårskap.Men eg fann at det òg ¬er jag etter vind.

18 For med stor visdom ¬fylgjer mange suter.Den som aukar sin kunnskap, ¬aukar si kvide.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12