Forkynnaren 12 N78NN

Tenk på din skapar!

1 Tenk på din skapar ¬i ungdoms år,før dei vonde dagane kjem,før det lid til dei år ¬då du må seia:«Eg likar dei ikkje,»

2 før solljos og måne ¬og stjerner mørkjest,og skyene kjem att ¬etter regnet.

3 Då skjelv dei som vaktar huset,og dei sterke mennene ¬krøkjest.Dei som mel på kverna, ¬held opp med sitt arbeid,fordi dei har vorte så få;og dei som ser ut ¬gjennom gluggane, dimmest.

4 Begge gatedørene vert ¬stengde,og kvernduren er døyvd;fuglekvitringa tagnar,og alle songmøyane ¬vert lågmælte.

5 Då syter ein for kvar bakke,og skræmsler lurer på vegen.Mandeltreet blømer,grashoppa slepar seg fram,og kapersen misser si kraft.For mennesket går ¬til sin evige bustad;dei som skal gråta, ¬ventar på gata.

6 Ja, tenk på din skaparfør sølvsnora slitnar ¬og gullskåla brest,før krukka går sund ¬attmed kjelda,og hjulet brotnar ¬og fell i brunnen,

7 før støvet vender attende ¬til jorda,og ånda går til Gud, ¬som gav henne.

8 Berre ideleg fåfengd, ¬seier Forkynnaren;alt er fåfengd!

Ordtaka åt Forkynnaren

9 Forkynnaren var ein vismann, og han gav folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak.

10 Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.

11 Ord av vismenn ¬er som broddar,fyndord i samling ¬trengjer inn som naglar.Dei kjem frå ein ¬og same hyrdingen.

12 Men elles, son min, ¬lat deg åtvara!Det er ingen ende ¬på all bokskrivinga,og mykje gransking ¬leitar på kroppen.

13 Til sist ¬kan alt samlast i dette:Ottast Gud, og hald hans bod!Det bør alle menneske gjera.

14 For Gud ¬skal døma kvar gjerning,halda dom over alt ¬som er løynt,anten det er godt eller vondt.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12