Høgsongen 1 N78NN

1 Salomos høgsong.

Lengt etter kjærleik

2 Gjev han ville kyssa megmed kyss av sin munn!Din kjærleik er betre enn vin.

3 Ljuvleg er dåmen ¬av dine salvar;ein angande salve ¬er ditt namn,difor held møyane av deg.

4 Ta meg med! ¬Kom, lat oss springa!Kongen har ført meg ¬inn i sin kove.Vi vil fegnast ¬og gleda oss over degog prisa din kjærleik ¬meir enn vin.Hugheilt elskar dei deg.

Svart, men ven

5 Svart er eg, men ven,de Jerusalems møyar,som Kedars tjeldbuer,som Salomos tjelddukar.

6 Sjå ikkje på at eg er så svart,at sola har brent meg.Sønene åt mor mi ¬harmast på meg,dei sette meg ¬til å vakta vingardane.Min eigen vingard ¬har eg ikkje vakta.

Kvar gjæter du di hjord?

7 «Sei meg, ¬du som eg har så kjær,kvar gjæter du di hjord?Kvar lèt du henne kvila ¬ved middagstid?Kvi skal eg gå ¬som ei kvinne med slørder venene dine ¬gjæter si hjord?»

8 «Veit du det ikkje,du fagraste av kvinner,så fylg berre faret etter flokken,og lat dine kje få beitainnmed hyrdingbuene!»

Kor fager du er, min hugnad!

9 «Med folane for faraos vognervil eg likna deg, min hugnad.

10 Vene er dine kinn, ¬prydde med band,og din hals med perler.

11 Lekkjer av gull skal vi laga degog med sølvperler på.»

12 Ljuvleg angar ¬min nardussalveså lenge kongen er med i laget.

13 Min ven er lik myrrabuntensom kviler ved min barm.

14 Min ven ¬er som ein blømande kvistpå hennabusken ¬i En-Gedis hagar.

15 «Kor fager du er, min ven,ja, fager med augo som duer!»

16 «Kor fager du er, min ven,kor yndefull du er!Og vårt lægje ¬er grornæmt og grønt.

17 Sedrar er bjelkar i vårt hus,sypressar er tak og himling.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8