1 Kor fagert du skrid fram ¬i dine skor,du gjæve hovdingdotter!Hoftene dine rundar seg ¬som ei sølje,smidd av kunstnarhand.
2 Fanget ditt ¬er som runde staupet,gjev det aldri må vanta vin!Magen er som ein kveitehaugmed liljer ikring.
3 Barmen er som to rådyrkalvar,tvillingar til ei hind.
4 Halsen din ¬er som eit elfenbeinstårn,augo som Hesjbons tjørnerved Bat-Rabbim-porten.Nasen liknar Libanon-tårnetsom skodar ut mot Damaskus.
5 Hovudet ris som Karmel,hårflaumen er som purpur.Ein konge er fanga ¬i dine lokkar.
6 Kor fager, kor yndefull du er,du mi kjære, du min hugnad!
7 Rakvaksen er du som palma,som druer er din barm.
8 Eg bed: ¬Lat meg stiga opp i palma,i greinene vil eg ta tak.Som druer på vintreet ¬vere din barm,din ande som angen av eple,
9 din munn som den finaste vin.«Lat han kveikja munnen ¬på min ven,lat han gli over lipper ¬og tenner!»
10 Eg høyrer venen min til,og til meg står heile hans trå.
11 Kom, min ven! ¬Lat oss gå ut på markene!Om natta vil vi sova ¬under hennabuskar.
12 I otta går vi til vingardaneog ser om vintreet ¬har sett nye skot,om blomeknuppane ¬har opna seg,om granataplane blømer.Der vil eg gje deg min kjærleik.
13 Kjærleiksepla angar.Over vår dør ¬heng dei gildaste frukterav alle slag, nye og gamle.Til deg, min ven, ¬har eg gøymt dei.