1 Å, gjev du var min bror,gjev du hadde soge brystet ¬åt mor mi!Då skulle eg kyssa degnår vi møttest der ute,og ingen vanvørde meg for det.
2 Så leidde eg deg ¬til huset åt mor mi,inn i koven åt ho ¬som fødde meg.Eg skjenkte deg kryddevinog saft av granatepla mine.
3 Hans venstre hand ¬er under mitt hovud,med den høgre ¬femner han meg.
4 Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer:Kvi vekkjer de kjærleiken,kvi eggjar de han ¬før sjølv han vil?
5 Kven er ho som kjem opp ¬frå øydemarka,stødd til sin ven?Under apalen vekte eg deg,der mor di hadde føderier,der ho fødde deg.
6 Set meg til eit segl ¬på ditt hjarta,eit segl på din arm!For kjærleiken ¬er sterk som dødenog mektig som dødsriket ¬i si trå.Han brenn som logande eld,han logar mot himmelen.
7 Vassflaumar ¬kan ikkje sløkkja kjærleiken,elvar kan ikkje fløyma han bort.Om einkvan ville gjealt han åtte for kjærleik,så vart han berre til narr.
8 «Vi har ei lita syster,som enno ikkje har bryst.Kva skal vi gjera ¬med syster vårnår friarane kjem?
9 Er ho ein mur, vil vi byggjatindar av sølv på han.Er ho ei dør, ¬vil vi stengja hennemed ein sederplanke.»
10 Eg er ein mur,og mine bryst er som tårn.I augo hans har eg vortelik ei som finn fred.
11 Salomo hadde ein vingard ¬i Ba’al-Hamon.Den gav han til vaktmenn,og kvar skulle gje hantusen sekel sølv for frukta.
12 Eg har min eigen vingard.Dei tusen sekel er dine, Salomo,to hundre er til dei ¬som vaktar frukta.
13 «Du møy som held til i hagane,venene lyder på deg.Lat meg få høyra di røyst!»
14 «Skunda deg, min ven,fly som gasellen ¬og den unge hjortover balsam-angande fjell!»