Jesaja 1 N78NN

1 Dette er dei syner som Jesaja, son til Amos, fekk om Juda og Jerusalem i den tida då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda.

Klage over Israels fråfall

2 Høyr, du himmel, ¬lyd etter, du jord!For Herren talar:Born har eg ale og fostra,men dei har sett seg ¬opp mot meg.

3 Ein okse kjenner sin ¬eigarmann,og eit esel krubba åt herren sin.Men Israel kjenner ingen ting,mitt folk er utan skjøn.

Ve det syndige folket!

4 Ve det syndige folket,det skuldtyngde folket,ætlingar av illgjerdsmenn,søner som ber seg ille åt!Dei har gått bort frå Herren,vanvørdt Israels Heilageog snutt ryggen til han.

5 Kvi vil de ha endå meir slag,sidan de atter og atter fell frå?Kvart hovud er sårt,og kvart hjarta er sjukt.

6 Frå hovud til hæl ¬er ingenting heilt,berre flengjer og flerrer ¬og nyhogne sår,som ikkje er reinsa og fetlaog ikkje bløytte med olje.

7 Landet er ei øydemark,byane er brende,og framande et opp jordabeint framfor augo på dykk.Alt ligg i øyde,som når framande har herja.

8 Berre Sions dotter er attsom ei lauvhytte i ein vingard,som eit vaktarskjol ¬på ei agurkmark,som ein kringsett by.

9 Hadde ikkje Herren, ¬Allhærs Gud,late nokre av oss sleppa unna,då var vi som Sodoma,vi såg ut som Gomorra.

Ikkje gagnlause offer, men lydnad

10 Høyr Herrens ord,de Sodoma-hovdingar!Lyd etter vår Guds lov,du Gomorra-folk!

11 Kva skal eg med alle dykkar ¬slaktoffer? seier Herren.Eg er mett av brennoffer ¬av verarog av feitt frå gjøkalvar.Og blod av oksar og lam ¬og bukkarhar eg ikkje hug på.

12 Når de kjem fram for mitt åsyn,kven krev då av dykkat de skal trakka ned ¬mine tempelgardar?

13 Kom ikkje meir ¬med gagnlause gåver!Offerrøyken er ein styggedom ¬for meg.Nymåne og sabbat, ¬lysing til stemner –eg toler ikkje vondskap ¬og høgtid saman.

14 Eg hatar dykkar nymånedagar ¬og høgtider.Dei har vorte meg ei bør,som eg er trøytt av å bera.

15 Når de breier ut hendene,gøymer eg augo mine for dykk.Kor mykje de bed,så høyrer eg ikkje.Hendene dykkar ¬er fulle av blod.

16 Vaska dykk, reinsa dykk!Få dykkar vonde gjerningarbort frå augo mine!Hald opp med å gjera ¬det som vondt er!

17 Lær å gjera godt,legg vinn på det som rett er!Vis valdsmannen ¬den vegen han skal gå,hjelp den farlause til hans rett,ta dykk av enkjers sak!

Guds tilbod om nåde

18 Kom, lat oss gjera opp vår sak! ¬seier Herren.Om syndene dykkar ¬er som purpur,skal dei verta kvite som snø;om dei er raude som skarlak,skal dei verta kvite som ull.

19 Er de viljuge og lyder,skal de få eta det gode i landet.

20 Men er de uviljuge og trassige,skal de verta oppetne av sverd.Dette er ordet ¬frå Herrens munn.

Jerusalem skal dømast og reinsast

21 Å, at den trufaste byenskulle verta ei skjøkje!Full av rett var han,rettferd budde der inne,men no – mordarar!

22 Sølvet ditt har vorte til slagg,vinen din er blanda med vatn.

23 Dine styresmenn er ¬opprørarar,dei held lag med tjuvar.Alle elskar dei muterog jagar etter gåver.Den farlause hjelper dei ikkje ¬til hans rett,og enkjers sak ¬tek dei seg ikkje av.

24 Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud,Israels Veldige:Ve, eg vil sløkkja harmen minpå mine motstandararog hemna meg på mine ¬fiendar!

25 Eg vil venda mi hand imot deg,reinsa ut ditt slagg som med lutog skilja ut alt ditt bly.

26 Så vil eg atter gje deg domararsom dei du hadde før,og rådgjevarar ¬som i den fyrste tid.Sidan skal du kallastRettferdsby og Truskapsstad.

27 Ved rett skal Sion løysast ut,ved rettferd dei som ¬vender om.

28 Men brotsmenn og syndarar ¬skal knusast,dei som vender seg frå Herren,skal gå til grunne.

29 Ja, de skal få skam av eikenesom de har slik hugnad i,og vanære ¬av dei heilage lundanesom de held så gjæve.

30 De skal verta ¬som ei eik med vise lauvog som ein hage utan vatn.

31 Den sterke skal verta til stryog hans verk til ein gneiste;begge skal brenna,og ingen sløkkjer.